Barn- og ungdomsleiar/pastor

Pinsekyrkja i Volda er ei kyrkje i utvikling sentralt på søre Sunnmøre. Vi ønskjer å vere ei inkluderande kyrkje som koblar menneske med Jesus. Kyrkja består av ulike menneske i alle livsfasar, med eit felles ønskje om å følge Jesus Kristus.

Pinsekyrkja består av omtrent 350 medlemmar. Vi har eit stort lovsangsarbeid og eit betydelig misjonsarbeid. Barn, ungdom og familie er viktige fokusområde for oss. Av tilsette har vi i dag hovudpastor i 100 prosent stilling, administrativ leiar i 50 prosent stilling og 80 prosent stilling fordelt på barn og ungdom.

 

Pinsekyrkja søker no:

Samla sett skal Pinsekyrkja no tilsetje 80% stilling som barne -og ungdomspastor/leiar. Stillinga kan delast på fleire, om ein finn dette tenleg. I framtida kan det verte aktuelt med ei auke opp til 100%, då med oppgåver knytt til familiearbeid og/eller oppgåver knytt til administrasjon.Vi ser etter ein leiar som:

  • Brenn for å gi evangeliet om Jesus til barn og unge
  • kan bygge gode team
  • er relasjonell og god på å sjå menneske
  • gode kommunikasjons -og samarbeidsevner
  • er effektiv og handlekraftig
  • kreativ og nytenkande i høve løysingar og tankar om fellesskap.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle kyrkjelyden saman med pastor og leiarråd
  • Enkelt administrativ arbeid.
  • Planleggje og gjennomføre tilbod til barn og unge, til dømes barnekyrkje, Connect (ungdomsarbeid) og Tentro

Vi kan tilby

  • Eigenutvikling og gode arbeidsvilkår.
  • Deltaking i menighetsutvikling.
  • Eit godt teamarbeid med gode medarbeidarar/ leiarar
  • Fridom og sjølvstende i sin arbeidskvardag
  • Lønn og pensjon etter Pinsebevegelsens regulativ.Kvelds og helgearbeid må påreknast (gode avspaserings -og ferieordningar).

Nærmare stillingsomtale vil verte utarbeidd ved tilsetjing. Vi forutset at søkar bekjenner seg til den kristne tru og identifiserer seg med Pinsekyrkja i Volda sitt formål og verdiar, samt Pinsebevegelsen sitt trusgrunnlag.

Nysgjerrig på stillinga?
Kontakt John Aage Rødseth, pastor i Pinsekyrkja i Volda
Telefon: 41000803 eller epost: John.aage@pinsekyrkja.no.

 

For meir informasjon om oss, sjå www.pinsekyrkja.no.
Søknad med CV og referansar skal sendast til

Pinsekyrkja i Volda, Boks 185, 6100 Volda eller på epost til john.aage@pinsekyrkja.no

Søknadsfrist:
Søknader vert vurdert fortløpande.
Oppstart: 1. august 2024, eller etter avtale.

Powered by Cornerstone